fredag 10. mai 2013

På slang til mormorkopp

I dag er fridag. 
Fridag betyr lengre morgontur med hunden. 
Morgontur på ein fridag betyr eigentleg rundt lunsjtider.
 Dagens morgontur bragte med seg eit pit-stop hos naboen for ein kaffitår og litt livsnyting. 
På veg heim i frå naboen viste det seg at naboen hadde ein nabo med kvitveis i hekken sin.
 Erfaren dame på blomsterslang som eg er så kikka eg raskt rundt meg før eg tilfeldigvis raska med meg nokre knoppar heim. Den fine mormorkoppen har venta på dette augneblinket lenge.
 Mormorkoppen er ein av tre som har komme i hus. Dei er sjølvsagt kjøpt brukt, og no er me (eg) på jakt etter fleire.
Mormorkoppen er så fin og ven at den har fått stå framme til pynt på kjøkkenet i all si levetid hos oss. Den vart sjølvsagt svært så glad når den også fekk innpass i stova som blomstervase.
Kvitveisen gjer seg så godt i mormorkoppen (mormor har slike koppar, derav namnet) at eg klarer ikkje ha dårleg samvit for at eg kanskje ikkje spurte om lov før eg forsynte meg. Derimot har eg bestemt meg for at eit av sommarens hageprosjekt må vere å plante denne vakre blomsten. Går det an mon tru?
---
Helga her skal brukast til å byggje terrasse og lese til eksamen. Forhåpentlegvis får me gjort litt også! 
Lag deg ei god helg du også! 
(denne fruen har nemleg vore på kurs og lært nye uttrykk!)

5 kommentarer:

  1. Herlig innlegg <3
    Flotte bilder av ja ALT!!
    Ha ein fin kveld:)

    SvarSlett
  2. Den finaste av dei alle!!!
    Endelig VÅR!!
    Go` helg te deg,
    klem Kjersti

    SvarSlett
  3. Så flotte bilder! Og så koselig med hvitveis i lekre koppen)) fiiin helg til deg!

    SvarSlett
  4. Nydelige bilder!
    God lørdag :-)

    Klem fra Monica.

    SvarSlett
  5. Nydelig blogg du har! Legg meg til som følger eg! :-) og so kjekt med bloggar på nynorsk! Fin søndag til deg!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!