fredag 4. januar 2013

Nyttårsmanier

Skomani, origami (i adventstida), stjernemani, stripemani, sjokolademani og putemani.

Berre nokre av mine meir eller mindre varige maniar. Somme er meir varige enn andre, slikt som med putene. To nye kom under treet på jul. Ei ny i dag.

Den har sjølvsagt stjerner på seg. Som ein hyllest til det nye året og feiringa som var. Me feira forøvrig i Warszawa.

Året som har gått har gitt oss masse, men noko årskavalkade tek eg meg ikkje tid til. Eit nytt år gjer meg klar for noko nytt. Nye opplevingar. Nye bekjentskap. Ny pute og ein frisk blomst!

Ny vase frå Kähler var også å finne under treet i år. Den stod høgt på ynskjelista. Augene mine nyter synet av den. Noko eg håpar å få gjort mykje av i det nye året. Å nyte altså. Først ut er ei helg på hotell i Ullensvang. Der skal eg nyte mykje.

 

Nye maniar for 2013: nyebekjentskapsmanier, opplevelsesmanier, nytelivetmanier.

Godt nytt år til deg som ser innom!!

 

4 kommentarer:

  1. Herlige manier. Glade manier. Gode manier. - og fine nyttårsmanier for det nye året!

    Jeg ønsker deg et nytt, spennende og koselig nytt år, Heidi! :-)

    SvarSlett
  2. Godt nytt år til deg. Deler nok flere av dine manier.....D

    SvarSlett
  3. Så mye fint:)) Og liker maniene dine;)

    Charlotte

    SvarSlett
  4. Deler de fleste maniene dine.. Hehe:)
    Fine bilder!
    Klem L

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!