søndag 21. oktober 2012

Eplemuffins x2

Som lærar i Mat og Helse er eg alltid på jakt etter oppskrifter som kan passa for ungane på skulekjøkkenet. Dei bør då ikkje vere for vanskelege å lage, dei bør helst vere billege å handle inn til, dei bør sjølvsagt smake godt og dei må på eit vis vere motiverande for elevane å lage sjølv heime på kjøkkenet. Denne helga har eg laga eplemuffins x2. Ein søt, og ein meir grov. 



Den søte varianten har enklast framgongsmåte. Der piskast egg og sukker til eggedosis før ein røre inn dei andre ingrediensane. Hell røra i formene og ha i eplene (skjert opp i terningar). Dryss over kanel og sukker til slutt. 

Den grovare varianten er litt meir komplisert, men denne er absolutt den sunnaste. Framgongsmåte: bland havregryn og kesam- la svelle i ca 10 minutt. I mens blandast dei tørre ingrediensene i ei bolle. Eplene raspast og blandast saman med egget. Til slutt røres alt saman og has i formene.
Steiking er lik for begge oppskriftene: 200 gr i ca 15-20 minutt.

Kanskje var dette til inspirasjon for andre også? Her i heimen vart det ein kjekk haustaktivitet. Vidundermannen bidrog så godt han kunne med skrelling og oppdeling av epler. Ikkje rart resultatet vart så bra! 

4 kommentarer:

  1. Det høyrtes ikkje feil ut. Slike vil eg ha

    SvarSlett
  2. Nam! Så godt ut! Kan hende jeg prøver det ut en dag ;)
    Fin blogg du har! Blir gjerne følger! Ta gjerne en titt innom hos meg om det passer ;)
    Klem

    SvarSlett
  3. Det såg nydeleg ut, både søtt og grovt!

    SvarSlett
  4. Mamma hadde laga dei grove til me skulle komma heim i helga, dei var kjempegode:)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!