torsdag 2. august 2012

Tips søkes

det måtte komme fram ein gong
 eg er elendig på blomster.

på tross av at den etiketten som er mest utheva på bloggen her (som betyr at den er ein av dei etikketane med flest innlegg) omhandlar nettopp, blomster.

styrken min ligg på nyplukka markblomster. Og husfred.
Orkidear derimot. 
Det er eg elendig på. 
Per dags dato har eg, ikkje mindre enn, seks orkidear. 
Alle er grøne og fine. Ingen med blomster. 
Gjødsel. Regelmessig vatning. 
Alt etter boka blir gjort, men orkideblomstrane glimrar med sitt fråvær. 
Kva gjer du?

Eg har eit håp om at den midlertidige blomsterpotta vil hjelpe på saken. 
Det er den fantastiske uashmama posen som no rommer to forhåpentlegsnartblomstrande orkidear. 
Uashmama posen (eg veit ikkje om eg staver det rett ein gong, men den er så fin at eg gjer eit forsøk likevel!) kjøpte eg då eg var på kundekveld hos Bruno interiør
Den kan brukast til alt! 
Og om posen blir skitten, ja så er det berre til å vaske den!


4 kommentarer:

  1. Jeg har ikke grønne fingre heller, men har fått noen av mine orkideer til å komme med blomster igjen.
    Det tar lang tid. Jeg pleide å sette dem på vaskerommet eller på badet.
    Ga dem vann litt innimellom. Tar noen mnd, men så kom det ny stilk med blomster.
    Så oppskriften her er venting..... :-)
    Ta gjerne vekk de røttene som er brune og helt tørre.

    Ha en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tolmod og venting er ikkje mi sterkaste side..

      Slett
  2. Eg har orkidear som for tida blømer heilt vanvittig mykje, og eg vett ikkje kva eg har gjort. Dei står i sol (svigermor seier dei ikkje må få sol på seg), og dei får vatn kvar gong fredslilja mi ser slapp ut(1-2 gonger i veka). Men eg har òg hatt det som deg, og det er kjedelig, og ende nok ofte meg at eg kaste dei, og kjøpe nye ;) Tolmod er nok viktig ja :)
    Og kanskje orkidear som eg dyrare i utgongspunket er lettare å få til å bløme att. Eg veit ikkje :)
    Lykke til vidare!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er redd sol er eit nøkkelord her, er eg redd.. For eg har ingen betre plass å gjere av dei enn i kjøkkenvindauget, og der er det kveldsol (så sant me har sol her på Vestlandet då..)

      Slett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!