søndag 5. august 2012

sukkulent, blogg og google

plutseleg fekk eg bloggeanda over meg igjen

bloggen Vidunderleg handlar om vindunderlege ting, hendingar og foto

bloggen vindunderleg er særs lystbetont

eg ynskjer svært gjerne å kun vise perfekte bilete

frå min perfekte kvardag

(men kvardagen min er ikkje alltid perfekt, derfor vel eg somme stunder også å vise uperfekte bilete.

Somme gonger teke med eit iProdukt.

Somme gonger i mørket.

Somme gonger kornete.

Somme gonger redigerte.

Somme gonger

som dei er.
Lystbetont, rett og slett)
 

i dag omhandlar bloggen fine sukkulenter frå terrassen. Og fin ikeaduk. Blå med kvite prikkar på, som me hadde det svært festlig med å få til å klippe i rett lengd. Det er ikkje dermed sagt at sjølv om eg titulerer meg med interiørbloggarnamnet (når det måtte passe meg) at eg dermed veit kor lang ein voksduk til utebruk skal vere. Me gambla på to meter, og det viste seg å vere perfekt!

 

Eg visste ikkje at sukkulenter hadde blomster. No har eg plutseleg blomster over alt på terrassen min. Det er ganske fint for ei som til vanleg er elendig med blomster!

*smil*

 

Og eg måtte sjølvsagt google sukkulenter for å finne ut om det verkeleg er ein blomst eller ikkje.

Er du som meg skal eg spare deg bryet ved å lenke direkte til snl.

Forstår eg det rett er sukkulenter ein eigen art, altså ikkje ein blomst.

*skuffa*

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!