torsdag 30. august 2012

Fin bursdag

Å feire eit kvart århundre er ikkje så gale, igrunn. Eg trur eg talde heile seks bursdagsongar i løpet av lærargjerninga. Finast var kanskje "mannskoret" på sju elevar i stemmeskiftet.

Sjølv om mannen valde jobb framfor kjerringa sin bursdag ordna det seg ganske godt likevel. Svigermor overraska og spanderte deilig mat og drikke, på ein deilig plass.

På Lothe har dei tydelegvis renovert sidan sist (seier kanskje meir om når eg var der sist). For ein skjønn plass! Fint inne, og idyllisk ute! Med eplejuice frå Tveit gaard og kaffe mocca til avslutning, ja då kan det stort sett ikkje bli betre!

Takk for alle kjekke helsingar, både her og på instagram! Bursdag anbefales!!

 

1 kommentar:

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!