fredag 17. august 2012

Bloggtips: blogger app for iPhone og iPad

I sommar har eg tidvis gått over til blogging med iPaden, og tidvis også iPhonen. Bileta blir ikkje like bra, men det er kjekt når ein er på reise eller berre ynskjer å dele eit lite blinkskudd.
Eg har gjort meg opp nokre tankar om blogg-app'ar som finst, og vil dele dei med deg!

Blogger

Kan lastast ned gratis, men er i utgangspunktet ein iPhone app. Appen blir derfor liten å jobbe med på iPad. Innlegget blir rart, og bileta blir lagt under kvarandre (kan ikkje sette inn bileta i teksten). Er etter mitt syn ubrukeleg til alt anna enn et par linjer med tekst og eit lite bilete!

BlogPress

Kan brukast på både iPad og iPhone, men valmulighetane er få. Eg har ikkje ein gong funne ut korleis teksten kan midtstillast med denne. Etter første gangs bruk oppdaga eg at eg fekk problemer med innlogging på blogspot på datamaskinen, og eg kunne heller ikkje redigere innlegget mitt der. Det kan ein derimot på bloggerapp'en.

Blogsy

Blogsy er faktisk programmet eg brukar til dette innlegget. Her kan eg hente bilete frå picasa, Flickr, instagram (som jo er genialt i desse #instatider) og fra iPaden/iCloud. Det vil også sei at alle bilete eg tek med iPhonen blir lasta opp på iCloud og eg har dei tilgjengeleg med denne app'en.

Her kan eg også lett legge inn filmar frå YouTube om eg ynskjer det, eller hente innhald direkte frå nettet. Menyen øvst gir val om utforming av tekst, font, osv. Eg kan utsette innlegg, velge blogg og legge til etikettar.

Den negative sida ved Blogsy er at den kostar pengar. 35,- kroner kostar den (eg trur dessverre den har stege i pris sidan eg kjøpte den). Dette er det dyraste eg har betalt for ein app, men i løpet av dei siste månadane har eg igrunn spart det inn på frustrasjon! Den er også ein iPad app, noko som vil sei at den ikkje fungerer på iPhone. Til iPhone er blogpress den beste app'en eg har prøvd.

Kjenner du til andre app'er som gjer samme nytten? Informer meg gjerne!

4 kommentarer:

  1. Ååååå, du er berre toppen! Den app'en skal eg ha pronte! Tusen takk :-)

    SvarSlett
  2. klarar ikkje finna denne blogsy appen ?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det må eg sjølvsagt oppdatere, for den er kun laga til iPad! Til iPhone er blogpress den beste eg har prøvd!

      Slett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!