mandag 18. juni 2012

Ein herlegdom med rabarbra

Ja, eg byrjar kanskje bli litt bestemoraktig på mine eldre dagar. Det tek på å endeleg vere ferdig utdanna, og endeleg ha tid til å leike husmor. Ikkje at eg trur nokon lir skade av det!
Sist veke var eg oppe til praktisk eksamen i mat og helse på lærarskulen. Då laga me denne herlegheiten, og eg er så stolt over resultatet at eg måtte laga den igjen i ettermiddag. Sjølv den ellers så saltsjuke vidundermannen slukte i seg den rykande paien. 


Ha i ei rund paiform med 18 cm diameter.
I steikeovnen: 225 C midt i omnen i 25 minutt.

  1. Smuldre kveitemjøl og smør, bland sukker i.
  2. Skyll rabarbrane og skjær dei i stykker à 2 cm.
  3. Bland sukker med potetmjøl. 
  4. Legg rabarbrane i ei smurt ovnsfast form.
  5. Dryss sukker med potetmjøl over rabarbraene.
  6. Rist fatet så sukker og potetmjøl fordeles mellom rabarbrastykkene.
  7. Fordel smuldredeigen over rabarbrane.
  8. Sett fatet i ein forvarma ovn ved 225° i ca 25 min.
  9. Husk at smuldredeig skal ikke arbeides mye med for da krymper den.



Server gjerne lunken med vaniljeis til!



Eg er så heldig at eg fekk min rabarba frå ei søt dame med det varmaste hjarta eg veit om. Er du ikkje like heldig som meg kan du enkelt bytte ut rabarba med epler, stikklesbær eller andre syrlege frukter.


1 kommentar:

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!