lørdag 7. april 2012

Snoperier

Foto: Vidunderleg

Heimen har fått seg ein omgang eggdekorering. Ikkje så sprekt, men det gjer godt med litt farge i heimen. Litt snopefargar.

Skulle gjerne ønske egga oppi kassen var litt mindre glorete, men påsken skulle ikkje bli feira heime i år, og derfor vart det heller ikkje brukt noko tid på påskedekorering. Kanskje til neste år.. Kassen derimot, den kjøpte eg på påskemarknad på Moster før helga. Annajohanna med nettbutikken under samme namn inviterte til marknad. Stor stas og mykje kjekt. 

Tradisjonen tru er påskeafta dagen for opning av påskeegget, fylt med snop. Me tjuvstarta igrunn på onsdag, men har heldigvis litt igjen til i dag. Då me kom heim frå snopebutikken, etter å ha hausta inn smågodt for 150 kroner ser me ein ny reklame på tv. Den om frukt som smågodt. Det skar litt i samvitet, men her i huset er det liksom berre ein type påskesnop som tel. Kva med deg?

God påske!

2 kommentarer:

  1. For eit flott påskeinnlegg. Kassen var lekkert dekorert, kjempe flott! Kjempe kjekt at du stakk innom på onsdag, veldig hyggeleg å treffa deg :-) Ha ei forsatt fin påske!

    Johanne

    SvarSlett
  2. Hadde veldig lyst innom den påskemarknaden eg og men blei ikkje noko av det,hadde ikkje bil til å komma over bruene,men kanskje de har det ein annen gang:)
    Kjempefin kasse:)
    Ein fortsatt fin påske til deg!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!