onsdag 18. april 2012

Redigering: Vannmerke

Er du flink til å merke bileta dine med namn? 
Eg er ikkje noko serleg god på det. Kjem liksom ikkje alltid på det. 

Er det viktig å vise respekt for kvarandre sine rettigheter? 
Eg syns det. 

Derfor har eg no laga mitt eige vannmerke, så får me sjå om eg er flink til å bruke det framover!
Mitt vannmerke er laga i Photoshop, for det syns eg er lettast. Eg vil tru at ein skal kunne gjere tilsvarande i andre program også.

Punkt 1:
Opne opp eit tomt dokument. Størrelseforhold: 1000px*300px. Grunnen til dette størrelsesforholdet er at eg skal lagre det som ein Brush etterpå og den kan ikkje vere meir enn 1000 pixlar. Lag vannmerket slik du vil ha det. Eg har brukt fontane Pea Roxygirl og OldNewspaper types som begge kan lastast ned gratis frå nettet. 

Punkt 2:
I Layerspaletten (som vist på biletet) vises alle laga mine. Klikk ein gong på kvart lag og juster Opacity til omtrent 80. Då blir ikkje vannmerket så tydeleg på biletet, og tek heller ikkje all fokus.

Punkt 3:
Når eg har gjort både Vidunderleg og photograpy litt meir gjennomsiktig (80% opacity) fjernar eg bakgrunnen. Dette gjer eg ved å merke laget Background i paletten over. Denne dreg eg med musa ned i søppelspannet som er bildet heilt nede til høgre.

Funkt 4:
No sit eg igjen med det ferdige vannmerket mitt. 

Punkt 5:

For å lage dette om til ein Brush gjer eg følgande: 
Edit --> Define Brush preset..
På biletet over ser du verktøylinja med Edit som val nummer to. Eg har også valt verktøyet Brush og i ruta over der det står 1722 er det bilete av mitt ferdige vannmerke no som eg har definert det.

Punkt 6:
For å bruke vannmerket vel eg verktøyet Brush på verktøylinja. Finn det nedst på rullegardina. Definerer passande storleik (i biletet over er storleiken 1722) og vel kvar i biletet vannmerket skal brukast.

Punkt 6:
Vannmerket i bruk.

Håpar dette var til hjelp!

3 kommentarer:

  1. Altså, jeg bruker tekst til å skrive på bildet, men har aldri fått til vannmerke. Sikkert fordi jeg ikke har program til det. Betaler du for photoshop eller kan man få det gratis også? :)

    SvarSlett
  2. Det går an å få prøveversjon av Photoshop gratis til nedlasting i 30 dagar om du vil det. Eg har alltid vore så heldig at eg har hatt det sjølv på pc'en, men det må nok betalast for om ein vil ha fullversjonen.

    Eg veit at om du søkjer på fotoredigeringsprogram så kjem det opp fleire gratisvariantar som er tilsvarande bygd opp som Photoshop, og at du der vil kunne lage vannmerker som eg viser i teksten!

    SvarSlett
  3. Dette var en kjekk forklaring! Jeg skulle ønske jeg hadde hatt Photoshop.

    Fin blogg du har!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!