søndag 15. april 2012

DIY: Tøyboks

Våren er ryddetid. 
Og sorteringstid.
Eg har til dels sorteringsmani.
Og også til dels boksemani.
Kombinasjonen av desse to viser igjen med at leiligheten er full av boksar. Nokre er fine og kjøpte. Andre er heilt svarte med dymomerking på for å skilje innhaldet frå kvarandre. Det kjem også vel med at eg dei siste fire åra har jobba deltid som skoseljar (kjem vel med når ein også har skomani, som forøvrig også er namnet på skobutikken..) Dette resulterer i stadig nye oppbevaringsmåtar. 
I min våropprydding fann eg noko tekstil eg ein gong kjøpte for eg sikkert hadde ein god idè. Vel, ideen kom aldri ut i live, og tekstilen har berre blitt liggande. Tekstilen fekk derfor nytt liv i form av nok ein boks. Eller, skoeske som det egentleg er. 10 kjappe minuttar gjekk med til klipping, måling og stifting av tekstilen langs kantane. Enkelt og greit!

Andre med gode skoeskefavorittar?
Framleis god søndag!

2 kommentarer:

  1. For ein flotte blogg du har, og så kreativ du er! =)

    Fann deg etter tips frå Moderne Stil, og ser fram til å følge deg vidare! =)
    God søndag! =)

    SvarSlett
  2. Så kjekt! Alltid spanande å høyre kor bloggen min dukkar opp! Fin blogg du også!

    Velkommen som følgar!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!