tirsdag 13. mars 2012

*surrehovud

Foto: Vidunderleg
Er den som:
- klarar å bruke ein heil dag på å skrive 1000 ord i ei skuleoppgåve og som ikkje lagrar før dokumentet vert lukka..
- er flau heile treningstimen fordi buksa er på vranga, men som oppdagar når økta er slutt at buksa ikkje er på vranga likevel..
- har eit rydde- og systemgen som slår inn i tide og utide, men som ikkje alltid er samkjørt med andre gen. Altså, dei genene som ynskjer å bruke det som er rydda vekk og systematisert..
- har ei stor veske som tilsynelatande har lypsylar som favorittrett..
- kvar dag kjem skeivt ut til avtalar fordi mobilen har rota seg vekk..
-...eller nøklane..
-...eller korthaldaren..
-...eller garasjeportopnaren..
- er glad i å surre hyssing..

Eg er eit surrehovud.
Kva er du?

Fin surredag. 
Med eller uten hyssing.

1 kommentar:

  1. Det høyrest kjend ut, ein del av dette... Spes det med ting som forduftar, berre for å sprenge tidsskjemaet. Ungar er ôg effektive slik ;)

    Brukar photoshop mest, men har aldri sett slike templates før. Eg brukar ånsette dei opp sjølv, og det tek si tid. På late dagar smeller eg det inn i picasa, som lagar meir og mindre vellukka montasjar ;)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!