onsdag 26. oktober 2011

DIY: Vidunderbord

Det heile byrja med eit IKEA bord. Eit slik eit brunsvart lackbord som finst i ulike storleikar i dei fleste heimar rundt omkring. Dette bordet tjente trofast som stovebord heime hos oss.
Bordet gjorde ein hederleg jobb som støvsamlar og ripesamlar, heilt til fruen i huset fekk nok.
På nattestid når husbonden sov sin søte drøm jobba tankane til husfruen på spreng. Eit nytt bord skulle i hus, og det straks!

 Lackbordet hadde sneke seg i hus grunna dårleg økonomi, og det kunne sjå svart ut for noko nytt bord i hus av samme årsak.
Det var i desse nattestimar tankane om å laga eit bord sjølv kom fram. Arbeidsteikningar vart laga klokka halv fire ein vekedag der jobb venta om morgonen.
Endeleg kunne nattesøvnen komma!
Dei som kjenner vidundermannen kan sjå føre seg scenarioet som utspant seg då fruen i huset strålande fortalde at ho skulle laga det nye bordet sjølv. Som nokon allereie har forstått; dette var nok ein idè vidundermannen forkasta og ikkje ville veta av. 
Løysninga vart derfor svigerfar!
Som sagt, så gjort.
Til tross for ein noko skeptisk vidundermann har eg til gjengjeld ein super svigerfar som let meg styra på med mine påfunn. (Heldigvis!)
Ut frå teikningane mine kunne han hjelpa til med berekning av materialer, og ikkje minst innkjøp (eg visste ikkje at det var så mange typar materialer å velja mellom, så eg var ganske glad for litt hjelp!)
Når vidundermannen kom med skruane me trong til hjulene ein time etter materialinnkjøpet var bordet så og sei ferdig. Vidundermannen glimta til med sine skruferdigheter og bordet fekk hjul!

Vidunderbordet er no ferdigbeisa, og me har blitt kvitt lackbordet.
Det er herleg!

4 kommentarer:

  1. Wow!! Eg er djupt imponert, både over husfrua og svigerfaren (ok då, så var det jo kjekt at vidundermannen òg bidrog ;) )
    Bordet ser knallstilig ut!

    SvarSlett
  2. Takkar og bukkar! Vidundermannen byrjar smått om senn å forstå at prosjektene blir gjennomført med eller uten hans hjelp! :)

    SvarSlett
  3. Kjempefint!
    Og så tøft og sette igang med slike prosjekt;))

    Klem Line

    SvarSlett
  4. Veldig fint!! Eg kjenner eg er litt lik deg, å eg trur jammen vi har same type mann og ;)

    Ha ei fine natt!! )

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!