fredag 14. oktober 2011

DIY: Prosjekt lekkerbisk-lekkerdisk

For ei stund sidan skreiv eg om det vackraste vitrineskapet mitt som husar alle dei flotte bryllupsgåvene våre. Eg sa den gong til vidundermannen i det eg la målarpenselen frå meg i garasjen at eg hadde gått lei slike prosjekter. Vidunermannen hadde ikkje noko imot den tanken. Han har nok skrot i hus, seier han.

Men, så.
Så viser det seg at eg ser ein utruleg flott skjenk på finn. Og så har det seg jo også slik at eg faktisk har ønska meg ein slik ein ganske lenge. Det var der prosjekt lekkerdisk starta.
Mannen vart sjølvsagt involvert i henting og bering, og unnskyldningen var denne gongen lik som sist: Me treng jo meir oppbevaringsplass!
Vidundermannen rister på hovudet og strekkjer ryggen etter tunge tak på den "stygge" skjenken. 

Og eg?
Joda, timar på timar i garasjen med malerkost. 
Nok ein gong.
To strøk grunning.
To strøk med maling.

Og resultatet!?
Sjå sjølv! 

Lekkerbisk og lekkerdisk!!
Vil du sjå skjenken/disken før prosjektet starta?
Det er verkeleg ein vidunderleg forskjell i forhold til utgongspunktet!

Neste prosjekt ut:
(Etter vidundermannens overskrift)
Kledelig bord

7 kommentarer:

  1. Du e så fliiiink!!! :D

    Ser ut som om sjefen o e fornøyd med mammaens lekkerdisk ;)

    GOD HELG alle 3 :)

    SvarSlett
  2. Så fin den blei!
    Vidundermannen skal vere glad han har ei kåne som maler og pusser sjølv....min vidundermann har ikkje ei slik kåne...dreg ho heim noko, så blir det han som maler og pusser ;)
    Goaste helga til dåke! :)

    SvarSlett
  3. Ja, om eg må sei det sjølv vart den smekkerlekker!! Noko som vindundermannen også har sagt seg enig i no i ettertid:).

    Vindundermannen synest ikkje alltid påfunna mine er så fantastiske før dei er ferdige, så timane i garasjen har eg nok for meg sjølv;)

    God helg begge to!!

    SvarSlett
  4. Wow!! Du e flinke Heidi, den blei virkelig lekker.
    Dåke må ha ei god helg. Helsing Solveig

    SvarSlett
  5. Så flott det vart!! han har all grunn til å vere nøgd med kona si, den vidundermannen ;)

    God helg vidare!

    SvarSlett
  6. Takk! Ja, han byrjar smått om senn å innsjå at fruen har teken på slikt!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!