onsdag 5. oktober 2011

Arkitektur frå London

I helga har eg lete meg inspirera av den alltid levande byen London.
Eg har kink i nakken etter å snu hovudet frå side til side for å få med meg alt som skjer.
Delvis kan denne kinken også komma av eit tungt kamera rundt halsen store deler av dagen.


London er ein utruleg by.

Uansett kor mange gonger eg reiser på besøk, blir eg like bergteken kvar gong.
For tida er det bygningar og arkitektur som inspirerer meg mest.
London er eit eldorado av stilartar og fine (og nokre stader nokså slitte) bygningar.
Bygningen ovanfrå er eit klassisk eksempel på mange av bygningane frå området me budde i. Eg tippar frå ca 1600-1700 talet (?). 
Vakkert!

2 kommentarer:

  1. Har "berre" vore der to gongar, men vil absolutt tilbake! Fint bilete denne gongen òg ;)

    God helg!!

    SvarSlett
  2. God helg til deg og, og tusen takk!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!