lørdag 24. september 2011

Mørkt ute, lyst inne

Det er no eit faktum at me går inn i mørketida.
Eg har sett i gong mottiltak.
Nye, lyse gardiner- så har me dag litt lenger.
Samstundes har eg gjenoppdaga kor kos det er å drikka te, eg har funne fram igjen heklenåla og eg har oppdaga at dei flotte støvlane mine knirkar i sålen. Det er med andre ord haust.

Hausten kan også vera vidunderleg!

1 kommentar:

  1. Hjå meg er det enkelt - eg har ikkje gardine. Ikkje i stova, iallefall ;)

    men ja - hausten er her, ingen tvil om det. Og eg syns den har sin sjarm, den òg. Det er litt deilig å fyre i ovnen att. Tenne ljos når det mørknar, og finne fram eit og anna hobbyprosjekt.

    håpar helga er fin, og veka vert likeså!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!