tirsdag 26. juli 2011

Sterkt

å bevitna det som har råka landet vårt
å lesa nyheter
å vera ein del av den norske nasjonen i dag
Frå fakkeltoget i Haugesund 25.07.11
eg er likvel stolt av å vera norsk.
Nordmenn står saman i sorga
Nordmenn støttar kvarandre
- viser kjærleik
.. og medmenneskelighet.

Me har i dag gått i fakkel/rosetog i Haugesund.
Avisa anslår 15 000 deltakarar.
Sterkt.
Nært.
Ei støtte til dei som har det tyngst.

Det er mange som viser til følgjande utsagn frå ei tysk avis:
Selv i sin dypeste sorg blir nordmenn ikke hysteriske.De motstår hatet. Det er utrolig å se hvordan politikere og hele landet reagerer. De er triste til det dypeste tråd av deres sjeler. De gråter i verdighet. Men ingen sverger å ta hevn. Isteden ønsker de enda mer menneskelighet og demokrati. Det er en av de mest bemerkelsesverdige sterke sidene ved det lille landet."


Nasjonen vår har i dag hatt 1 minutt stillhet. Eg er rørt over alle historiane eg høyrer. Om bussar som stoppar i busshaldeplassar. Kjøpesenter som stoppar opp. Bilar som køyrer til sides på rasteplassar der det nesten ikkje er plass- før etter 12.05- då køyrer alle vidare igjen. Offentlege etatar og private. Sorga har ramma enkeltmennesket, så vel som samfunnet. Det er gripande, sorgfullt, sterkt og fint.




2 kommentarer:

  1. Einig Heidi! Eg er også stolt. Var med på minnemarkering og fakkeltog på Husnes i kveld. Sjølv om ingen i Kvinnherad er direkte ramma var det nærmare 1000 deltakarar frå vår vesle kommune som ville visa omtanke og støtte. Eg er varm innvendig.
    Klem frå Mona <3

    SvarSlett
  2. Det trur eg alle er. Det gjer godt, midt oppi alt..!

    Tusen takk for kommentar! Fint å høyra at også Husnes stiller opp. Mobiliseringa over landet vil ingen ende ta. Saman går me sterkare ut av dette!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!