søndag 12. juni 2011

Vackert, inspirerande og freistande

var det då me i helga var på besøk hos besteforeldre litt lenger sør, nærare bestemt på Moi.
Der openberra den herlege butikken Den franske landstil seg for augo våre, rett atmed hovudvegen som så mange køyrer forbi når dei skal sørover.

Der fann eg så masse fiiint! Eg hadde med meg mannen sitt kort, og hadde eg hatt samvit hadde eg handla det tomt. I staden så måtte eg lova meg sjølv å hugsa å ha pengar på kortet ved neste besøk.
Det vart likevel nokre herlegheitar med heim: 
Ein lysestake til samlingen, og eit fantastisk vackert skilt som eg tenkjer kanskje å gje vekk i barselgåve.
Eg vågar ikkje vise det fram før eg har bestemt meg. Det er igrunn så fint at eg vil ha det sjølv! Nett no er det forøvrig hunden som har fått det i mathjørna sitt!

Den fine gyngehesten på biletet var ein av sakene som ikkje fekk bli med meg heim, i saman med ein haug andre ting.

Fin butikk, søte mennesker!

3 kommentarer:

  1. Kan skiltet minne om det vi såg på Stord liksom?

    SvarSlett
  2. Så moro! Den gyngehesten var kjempesøt! :) Du får spare penger til neste tur... ;)

    Ha en fin kveld!
    -Mari

    SvarSlett
  3. Skiltet er i same sjanger som det me såg på Stord, Merete, men kanskje enno betre! Legg ut bilete av det seinare, så kan du bedømme sjølv!

    Mari, ja, det er heilt sant! Skulle berre hatt litt meir plass slik at alle dei fine tingene viste enno litt betre fram, og slik at eg slapp å velja kva eg vil ha framme!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!