torsdag 9. juni 2011

Kor er alle fuglar hen?


Det er snodige greier, det der.

I heile vinter har eg kikka ut stovedøra på jakt etter dei søte med nebb og skjønne bein, men enten har eg ein hund som har skremt dei vekk, eller så har det vore for rotete for dei på terrassen. Dei har i alle fall ikkje vist seg, ikkje mens eg har vore heime, i alle fall.

Men så, heilt plutseleg for nokre veker sidan, då tok eg ein søting på fersken i å stikka nebbet sitt i meisebollene som har hengt der sidan september, heilt urørte. Eg skunta meg å henta kameraet, og blitzza så det smalt ut glaset. 
..og der for fuglen..

Men no, no har dei tydlegvis vore på ferde medan eg har hatt eksamen, for no er alle tre meisebollene tomme! Og det utanom sesong!

Eg skjønar ikkje heilt kvifor dei plutseleg har funne seg til rette, men eg trur eg kan lika det!
(og det sjølv om eg eigentleg er ganske redd fuglar. Men det gjeld mest måsene. Flaks!)

2 kommentarer:

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!