onsdag 13. april 2011

aldri så gale


 at det ikkje er god for noko.

Sår i halsen = ein gyllen anledning til å breska seg med finaste tekoppen.
Finaste tekoppen som for inntil to veker sidan fungerte som blomsterpotte (blomster har det kun godt estetisk hos meg, diverre er ikkje dette nok for å overleva. Sjølv for blomster).


Ein dæsj svart te.
Ein dæsj ekte lynghonning.
Ein dæsj frisk Heidi til i morgon.
 Og forhåpentlegvis,
ein dæsj ferdig heimeeksamen.


Serleg godt smakar jo teen med ei vakker tesil med krystall på toppen.
I love.

Medan eg syns synd på meg sjølv så tillater eg meg å surfa litt i bloggosfæren. Då finn eg alltid så mange kjekke bloggar at det som oftast tek lang tid å komma tilbake til opprinneleg aktivitet (nemleg heimeeksamen). I kveld kom eg innom denne bloggen
(som attpåtil skal gi bort ei flott vimpelrekke!).

Vil ha!

5 kommentarer:

  1. Namnamnamnamnam!
    Dette såg særdeles godt ut!
    Har vært sengeliggende noen dager nå, men no blei eg så inspirert over innlegget ditt at eg krabber meg ut på kjøkkenet og lager meg ein god, stor og deilig kopp med te.

    SvarSlett
  2. Te er til hjelp mot alt! Håpar du kjem deg i formen Silje! Hadde vore kjekt å sitt deg her i haugesund etter gammalt! (denne koppen er så stor at Daniel ville nok sagt at det var ein for stor kopp til å ha drikka i:p)

    SvarSlett
  3. Vi har hatt nåken gode stunder sammen på café ja! husker vi var særdeles godt fornøyd den gangen vi satt å drakk varm kakao med nyinnkjøpte sko på beina;)

    Du har nok rett med koppen. Har fire stk fra indiska, og Daniel var ikkje heilt fornøyd når dei havna i skapet;)

    SvarSlett
  4. Gode tider, gode minner! Kan godt takas opp att! Både nyinnkjøpte sko, og cafè! Hugsar eg fekk kaffi i dine store koppar frå indiska, så tenkjer alltid på deg når eg drikk av min! Eg har dog berre ein, men til gjengjeld er den svært fin!!

    SvarSlett
  5. Eg har lenge vært på jakt etter fleire slike kopper som den du har, men den er rett og slett forsvunnet ut av butikkene. Er faktisk tomme for dei store som eg sjølv har, så nå begynner det å bli mange ulike kopper i skapet=)
    Så hyggelig at du tenker på meg, eg tenker på deg når eg vandrer fra butikk til butikk uten å ha deg ved siden av meg=)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!