mandag 28. februar 2011

..mens me ventar på våren..


..kan me jo gjera det me kan for å få tida til å gå fortare til han kjem..

..som å setja bjørkekvistar i vatn og framskunda prosessen for å få fram dei vakre, grøne bladene..

..som gir ei slik god duft av vår..!

Bjørkekvistar i noregsglas. 
Fyr i peisen. 
Stearinlys gir gjenskinn i glaset. 
Noko varmt i koppen gjer at varmen brer seg i kroppen.
Framleis vinter, men med eit hint av vår. 
Noko godt frå begge dei skjønne årestidene.

Sjølv om kveldane framleis kan vera litt mørke, og vêret er surt, har eg registrert at me likevel har lys litt lenger enn før. Dette fører til litt meir dagslys kvar dag. Eg kjenner meg litt meir opplagt for kvar dag som går.
Dette gjer at humøret er litt mindre prega av vintermånadanes tunge slør.

2 kommentarer:

  1. Vi gleeeeder oss til vår (bortsett fra at våren bringer også med seg eksamenstider)...!
    Fuglekvitter, blomsterknopper, grønne blader og solas naturlige varme.... *Glede*

    SvarSlett
  2. eksamenstider orkar me ikkje dvela våre tankar med no..! Fuglekvitter, varme, blomar og sol, ja, takk!!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!