onsdag 8. september 2010

Svært vakre dagar

Tenk at sola hadde tenkt å koma likevel! Det er desse fine dagane me har venta på heile sumaren! Ikkje noko uvenleg det at sumaren kjem når me for lengst har begynt på skule og jobb igjen, men eg skal nyta disse fine haustdagane!

På skulen er eg kreativ om dagen. Det vil sei, eg har ikkje noko val! Eg har ei innleveringsoppgåve kor eg skal teikna ei elipseform med kull! Si eg ikkje innser eigen begrensing har eg valt å teikna eit norgesglass. Ein god idè, trudde eg. Norgesglas er jo noko av det kjæraste eg eig, og si eg ikkje forventar mindre av meg sjølv enn at teikninga skal bli så bra at den kan hengast opp måtte det jo være noko som passa inn.
Etter ei hektisk teikneøkt på skulen i dag er eg ikkje lenger like sikker på kor god denne idèn er..

3 kommentarer:

  1. Eg ser fram til å sjå resultatet

    SvarSlett
  2. Oioioi, ska sei!
    Eg gleder meg også til å sjå resultatet...!
    Eg syns no forresten at du alltid har vore kreativ i kvardagen=)

    SvarSlett
  3. haha! Resultatet har eg allerede lovt tina å visa her på bloggen, men eg har endå ikkje heilt roen for om da e da smartaste eg har fonne på her i verden! Dåke får venta i spenning!!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!