mandag 13. september 2010

Solsikke og inntog av haust

I fleire veker no har eg gleda meg øve dei sjølvsådde solsikkene som har stått i full blomst ute på terassen! Solsikker må vera noko av det vakraste som finst! Så flotte og majestetiske i fasong, så skarp og flott farge, og akkurat passe pynta! Eg sku ønskt eg kunne hatt solsikker på bordet inne heile året, i alle fall gjennom den lange hausten og vinteren! Tenk å hatt ein slik farge å sjå til for oppmuntring og smil! Kven treng solterapi då!?

Her i huset har det gått i teikning heile helga! Eg skal som nevnt laga ei elipseform innan onsdag, noko som enno ser ganske svart ut for mitt vedkommande. På toppen av det heile skal eg ha klar ein barnebokfigur innan i morgon (tysdag), som eg ikkje får til å begynna på. Kan det kallast skrivesperre når ein har teiknesperre?

2 kommentarer:

  1. Eg elsker SOLSIKKER....! Finner ikkje noko finare!
    Litt trist at eg ikkje får sjå dei flott blomane dine i levande livet, men då er det kjekt at vi begge har blogg;)

    Lykke til med skrive/tegnesperro!

    SvarSlett
  2. TAKK Silje! Du e ei SOLsikka med dine oppmuntringa!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!