torsdag 3. oktober 2013

Vinnarinstinkt: Gjøkur

Å vinna i konkurransar har aldri heilt vore mi greie. Etter kvart har det liksom blitt til at eg skjermar meg sjølv for skuffelsen av å ikkje vinne ved at eg rett og slett ikkje deltar. Skulle eg først finne på å delta er det med liv og lyst og engasjement.

Dette gjeld sjølvsagt også loddkonkurransar og andre ting der det er ein premie som nokon kan vinne. Eg kan til dømes ikkje tippe i lotto, for eg kan ikkje øydeleggje helga mi av å ikkje vinne. 
Altså er eg også ein litt dårleg tapar.
(Sjølvinnsikt..?)

Gleda var derfor stor. Eg vil kanskje kalle ho enorm, då eg vann i lotteriet på jobb. 

Lotteriet skulle vere på morsomt. Ein kunne velge å vinne ulike ting, eller bytte denne i ein anna premie. Den andre premien var då noko som var leskande for ganen. Ein etter ein valde dei bort det fine gjøkuret, og til slutt var det ikkje fleire vinnarar som kunne velje. Vinnaren som vann gjøkuret ville derfor lodde det ut på ny. 
For å gjere ei lang historie kort: gjøkuret vart mitt. Det har fått komme opp på ein ledig spiker i stova. Gjøken sjølv har gøymt seg i huset sitt, den skal få komme ut når eg har funne ut korleis ein kan trekkje uret opp. Det gjer seg godt som dekor også, og minnar meg om at eg har vunne noko eg også. Eg undrar meg på om eg bør byrja spele lotto igjen!?

3 kommentarer:

  1. Hihi herlig med vinnerlykke men eg og er ofte sånn at eg ikkje gidder å være med for tenker eg aldri vinner:)
    Skulle trengt å vinne i Lotto:)
    Nyt dagen!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  2. Så koselig da:) Kjekt at det til slutt havnet hos deg:)
    Ønsker deg en fin helg!
    Klem Tone

    SvarSlett
  3. Så flott at det gjøkuret visste det skulle til deg! For ein fin plass det hang!

    Men er vel litt sånn som deg, at eg vinn jo kje likevel.. :)

    Ha ei flott helg!

    Klem Torbjørg

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!