torsdag 23. mai 2013

Tel ned på dagar

Først ut er tysdag.

Ein horribel eksamen på seks timar skal gjennomførast, og eg skal kjenne meg fri som fuglen og flakse ut lokala etterpå.

(Viser seg at fulltidsjobb og stuider ikkje er berre-berre!)

Ståkarakter eller ikkje, den følelsen gler eg meg til!

Nest ut er onsdag.

Dagen for føring av dei første 54 standpunktkarakterane og ferdigstilling av alt tilhøyrande rettearbeid.

Ikkje berre-berre det heller, men heldigvis ei kjekkare oppgåve enn førstnemde *smil*

Til helga kjem høgdpunktet:

nemleg samling av ikkje mindre enn 50 bloggarar her på haugalandet.

O, store glede!

Maia med bloggen fabelaktig og Karianne med bloggen Mittsitt står som arrangør, og eg gler meg til å stifte nye bekjentskap frå heile landet. Ikkje minst å få eit ansikt på dei mange fine interiørbloggedamene. Gøy!

 

Sponsorlista over tyder på at det blir kjekt også på andre plan enn det sosiale. Eg tenkjer som så at det har eg nok fortent også etter flink-pike veka mi.

---

Kva med deg, tel du ned til noko om dagen?

---

PS: betre dagar-printet kan du berre kopiere, det har eg laga heilt sjølv ved hjelp av den kjekke app'en phoster.

Anbefales!

 

3 kommentarer:

  1. Hei,så flink du er,er nok ikkje bare bare:) tvi,tvi på eksamen:-) fin dag til deg:-) sjekk ut giveawayen min hvis du vill;-)
    Hilsener fra Siv Mette

    SvarSlett
  2. Masselykke til med eksamen,godtdu har bloggtreffet å sjå fram til og det har eg og,jippi:)
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Lykke til med eksamen og karaktersetting! Godt med ei gulrot på slutten av veka då :) Eg hadde ein forrykande aften i går med mine kjekke kolleger, og begynner å fungera igjen sånn ca. no, har rett og slett slumra skikkelig frampå i dag - heilt herlig! No har eg bestilt med ein Sørlandschips med mannen heim, må ha litt dagen derpå junk kjenner eg.

    Me snakkast snart, gleder meg til å møta deg!

    Klem Eli

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!