onsdag 17. april 2013

Blomsterutfordringen

Det var ein gong for lenge, lenge sidan. Så lenge siden at det var vinter og snø. Det var kaldt og det var mørkt. Me snakkar kanskje for heile tre månadar sidan. 

For så lenge sidan utfordra ei kone sin mann. Ho var misunneleg på svigermora som fekk så mange fine blomster. Kona utfordra mannen til å kjøpe ho ein blomsterkvast i ny og ne. Reglane skulle vere ganske enkle: blomstrane skulle komme ufortent, dei skulle vere til glede, dei skulle bli gitt for å glede, og dei skulle ikkje vere dyrare enn 100 kroner (og aller helst avskorne). Utfordringen vart vel teken i mot. Dette skulle mannen klare.

Dagane kom og gjekk. Valentinesdagen gjekk forbi i stillhet. Kona var i grunn glad for dette. Ho bryr seg ikkje serleg med slike merkedagar. Fleire dagar kom. Og gjekk. Kona og mannen levde lykkeleg, og det kunne sjå ut som om utfordringa var gløymt.

Kona tok til å kjøpe blomster sjølv, slik ho alltid hadde gjort. For ikkje så veldig lenge sidan, nærare sagt lørdag, tok kona nok ein gong mot til seg og tok fatt i sykkelen og sykla (!) til Plantasjen. Med seg heim fekk ho tre fine bukettar (3 for 100,-) kvite roser og verk i rompa etter sykkelsetet. 
(Kona plar ikkje sykle så ofte. Verket i rompa vart sytt over heile helga. Kona veit å synast synd i seg sjølv) 

Etter lørdag kjem helgefred, og etter helgefred kjem mandag, og så tirsdag. Denne tirsdagen viste seg å ikkje vere kva som helst tirsdag. 

Dette skulle vere tirsdagen der mannen overraska kona med blomster (!) ein sein ettermiddag. Kona forstod ingenting. Kva hadde skjedd? Hadde han gjort noko gale? Huset var jo stappfullt i roser. Dette måtte vere feil.

Det viste seg å ikkje vere feil. 
Mannen ville vise at han hugsa utfordringa.
Han er jo berre ein mann. Korleis kunne då han vete at husets vasar allereie var opptekne og at fruens bakende framleis hadde verk?

 Kona forstår at ho kan måtte vente lenge til ho får blomster igjen. 
Kona og mannen ler godt av dette. 
Mannen er forresten ganske flink på mange andre områder, om enn ikkje på det å kjøpe blomster.

8 kommentarer:

  1. høhøhrhrh, for ei flott kone og ein flott mann!

    SvarSlett
  2. Herlig innlegg!! Eg er sikker på at mannen har mange gode eigenskapar ;) klem til deg, Kjersti

    SvarSlett
  3. For ei heldig kone og for ein heldig mann
    -syns Fru Eirin :-)

    SvarSlett
  4. Flotte roser du fekk iallefall. Mannen min e ikkje noe flinke han heller, der e det helst eg som kommme hjem med roser.

    SvarSlett
  5. Moro skrevet! :) Jeg er heldig og har en mann som er flink med å komme på og gi blomster selv. Veldig takknemlig for det. Er jo ingen selvfølge :P Håper baken kommer seg ;)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!