torsdag 6. desember 2012

Juleinnpakning | del 2

 Samson, vår firbeinte venn (som du ser på sin faste plass her) har gjort sine siste juleinnkjøp. Han har til og med skreve namnet på pakkane sjølv, om du ser på pakken oppe i venstre hjørna. Ikkje lett med fire potar når julestria kjem!
Illusjonen kvart år er å få til julehygge og juleinnpakning samstundes, men realiteten er at tida mot jul går svært fort. Byrja så smått med første innpakningsdel her, men for Samson si skuld har me gått over til noko litt mindre tidkrevande: gråpapir og teip frå Bloomingville. Kjøpt hos Bruno.

Har du gode forslag til rask, men likevel dekorativ innpakning?

-------

Tusen takk for alle kjekke kommentarar og nye følgjerar. 
Det varmar eit bloggehjarte!

1 kommentar:

  1. kule gavepakking! heilt sant - tiå mod jul går fort, mn så e d litt av julastemningå og, syns jaffal eg, d der litt travla/ mye å ordna;) blirsje heilt d samma uden litt stress liksom;)
    klem june:)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!