tirsdag 11. september 2012

Spare time

Kva er det?
Tid til å nyte det fine i naturen kanskje? Sjølv om skyene bak er grå, og knoppane er visne og vitnar om tid for å gå i dvale.

Kanskje er det tid til å gå i skogen. Lytte. Høyre hjerta banka. Stoppe opp i eit solgløtt. Bli forundra over lamaens fascinerande skapning.

Eller. Det kan vere å gå i byen. Å setje pris på andre sin kreativitet. Spesielt når ein kjenner på behovet for å vere kreativ sjølv.

Det kan også vere å stoppe opp i eit halvt minutt for å ta bilete av ein sau. Studere den mjuke ulla og høyre den hakkete brekinga.

Uten tvil er det å nyte det fine i kvardagen. Som uventa blomster frå mor. Sjølv om det er seint på kveld etter alle dagens gjeremål.
Tidsklemma er her. Eg går til sengs med dårleg samvit for alt eg burde ha gjort, i staden for å vere glad for det eg har gjort. Dei små tingene som gjer kvardagen så fin er der jo framleis. Det oppdaga eg då eg såg på bileta frå instagram. Eg må hugse å nyte dei små tingene.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!