søndag 22. juli 2012

Kom og spis!

Er du som meg og syns at uansett om du har vore ein eller fjorten dagar i utlandet så er det heilt fantastisk å komme heim!? Heim til eigen dusj, dyne og seng! Det er heilt fantastisk, syns eg! Og "norsk" mat! Me har nemleg fått servert gode kjøttkaker av svigerfar i dag! Og sidan regnet me er komen heim til ikkje akkurat tillet serleg mykje form for uteaktivitet har eg laga pizzahorn etter me kom heim. Ikkje akkurat norsk mat det då, men det er godt for det! Eg saknar alltid gjærbakst når eg er på tur!

I morgon dreg me sørover på besøk til bestefar som blir 90 år! Tenkjer pizzahorna blir med som niste på turen! Pizzahorna er laga med god gammaldags Toro pizzafyll, iblanda litt krydder og oppskrifta på ein vanleg pizzabunn (eg har i litt sukker, for å gjere den søtare.. Det er tross alt ferie!) Før eg trillar dei saman har eg på litt ost i lag med pizzafyllet, og så har eg på litt ost på toppen før eg steiker dei! Knallgodt!

I dag har også tankane gått til dei pårørande etter 22.juli. Me har fått med oss litt av minnemarkeringane på tv, og det er med ein klump i halsen eg tenkjer tilbake på den grusomme dagn i fjor. Samstundes er eg stolt over å vere norsk, og sjå korleis nordmenn har takla, og taklar dette grusomme.

1 kommentar:

  1. Det så godt ut, jeg fikk virkelig lyst på en smakebit.

    Ønsker deg en fin uke.

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!