torsdag 1. mars 2012

Mammas spøt

Mammaen min er flink.
Ho er opplært av si mor, som igjen er opplært av si mor.
Godt opplært.

Til å spøte. 
Eller strikke, som det også heiter.
Foto: Vidunderleg
 Eg er sjølvsagt også godt opplært. 
Berre at eg plar miste tolmodet undervegs. 
Det gjer ikkje mor. Eller mormor. 
Foto: Vidunderleg
Derfor er gleda stor å ha ei mor som strikkar det eg ikkje kan, eller giddar sjølv. Som desse putene. Som eg totalt uventa opna opp på juleafta (ja, eg veit det byrjar bli nokre månadar sidan no!) 
Mi første jul uten mammaen min. Gåva betydde nok gjerne meir for meg enn ho kunne ane i mørke novemberkveldar med dårleg strikkelys. Eller gjorde ho det?

Nøysommeleg arbeid med flettemønster. Om mor har lest interiørblad i det siste og fått med seg strikketrenden i interiøret, eller berre kom over dei tilfeldig, det veit eg ikkje. 
Eg veit berre at eg set pris på slike gåver. 
Heimelaga. Med kjærleik.

4 kommentarer:

  1. Ja du har så rett, hu e flinke Mammen din! Kjekt å sjå putene eg har sett på jobb, komme til sin rett i stova dåkas!!

    Klem Solveig

    SvarSlett
  2. Åååh, for eit varmt og herlig innlegg! Så fint å lese :)

    Og for ei flink mor du har! Dei putene var utruleg fine *vil ha*

    Tusen takk for koselig kommentar inne hos oss! :)

    Ønsker deg ei fin helg!
    Klem Helene

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!