onsdag 7. mars 2012

Gode råd til prinsen

Det er så kjekt å få gode råd! Giveawayen eg har for Claire Kids på Amanda gir meg så mykje inspirasjon. Inspirasjon til å glede andre. Du er hjerteleg til velkommen til å få inspirasjon du også. Og til å delta.

I helga traff me ein prins. Og ikkje kven som helst prins. Prins Magnus. Ikkje prins Sverre Magnus altså, men ikkje så langt i fra. Heilt fersk er han, berre to veker gammal.
Denne gongen vart det innhandla pakke frå Claire Kids på gåvebordet. Ei tøff (og behageleg) skjorte og eit kosedyr. Neste gong lurar eg på om det blir kombinert med noko heimalaga. Kanskje.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!