søndag 19. februar 2012

Tryllesøndag

Eller bollesøndag.
Sidan me har hatt boller uten krem vart det tryllesøndag.
Me har nemleg hatt tryllebollar.
Foto: Vidunderleg
 Har du ikkje høyrt om trylleboller?
Det er boller med sjokolade inni. 
Som ei lita overrasking. 
Sjokoladen er trylla inn i bollene.
Foto: Vidunderleg
Bollene er best når dei framleis er litt lunkne, slik at sjokoladen framleis er litt flytande. I bollene denne gongen kunne det nok vore enno meir sjokolade, for å gjera dei enno meir søte.
Bollene med krem skal me spare til litt ut i veka. Då er forhåpentlegvis svigermor frisk igjen. Ho lagar dei beste fastelavensbollene. Og så har me ein god grunn til litt vekekos også. Viktig i kvardagen!

4 kommentarer:

  1. Namm namm, dessa så knallgode ut.

    SvarSlett
  2. Hihi, då har eg og laga tryllebollar visst! Eg er ikkje så glad i fastelavensbollar, og dessutan fekk vi dei servert hos mamma på morsdag (ho hadde teke feil av datoen), så eg baka sjokoladebollar og skillingsbollar i staden :) Nammenam!

    SvarSlett
  3. Dei såg heilt fantastisk gode ut:)

    SvarSlett
  4. Deiligt! Dei er dei beste! Eg har aldri laga fastelavensbollar sjølv før, og tenkte at det treng eg ikkje byrja med enno heller!

    Fortsatt god søndag!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!