fredag 10. februar 2012

Flekker

På papir.
Alle slags papir.
På prøvar eg skal retta, på eigne studiepapirer, på posten, på duken. 
Sistnemde er rett nok ikkje papir, men fullt likevel ein oppsamlar for flekker. 
Eg snakkar om kaffiflekker. 
Du kjenner kanskje til dei?
Kaffiflekkene har sjølvsagt eit opphav. Opphavet er naturleg nok min trong til kaffi. Og den trongen blir ofte sett ut i live, derav kaffiflekkene. 

Etter me fekk kaffimaskin i sommar har det også opna opp andre muligheter med kaffien. Til dømes kan eg no steame (har me eit norsk ord for dette?) melk og lage eigen Kaffelatte. Eller Mocca. 

Då kaffien først kom her til lands vart folk svært glade. Det var ei tid som var svært trong, og det hjalp godt både på økonomien og på husfreden då folk byrja drikke kaffi i staden for brennevin. 

Sidan den tid har kaffien, og flekkene, fått fleire bruksområder. Bruksområder som: 
- god å ha til å varma hendene på ein kald vinterdag. 
- god når ein har spist seg alt for mett på eit godt måltid. 
- eit must til søte fristelsar.
- gjer at det er (ekstra) koseleg å gå på kafè.
- gjer morgonen betre.
- trendy å gå med i pappkoppen.
- set prikken over i'en på "kaffi"besøket.
- å laga fine søleflekker som set spor over alt.

I dag er det fredag. Då er det kosekaffi.
Er du plaga med kaffiflekker?

P.S: Her kan du vinne noko kjekt!

Edit: Eg kom over Silje sin utfordring om te/kaffestasjon og slenger meg på med dette innlegget. Dette er vår kaffistasjon. Lite nips å sjå til bortsett frå kapslane oppbevart i eit norgesglas.
*tvitvi*

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!