tirsdag 3. januar 2012

Nye muligheter

Nytt år, mykje spanande i vente!
Me gler oss til alt som skal skje!

God overstått jul til alle kjende, her i heimen har me hatt datafri sone med fokus på å ha kvalitetstid saman! Det er herlegt med jul, og med alt den bringer med. Denne jula har eg verkeleg fått fundera over kvar eg vil ha fokus, og kva det gjer med meg. 

Eg las ein plass at jula er eit forstørrelsesglas for kjenslene våre, og dette er nok bra for dei aller fleste av oss. Det er også då viktig å tenka på dei som opplever dette negativt, som ikkje har ein god familie eller nokon å feira jul i saman med.

I det nye året ynskjer eg å ta enno betre vare på dei vidunderlege tingene i kvardagen! Vidunderlege ting som den fine Orkidèen min fantastiske mann kom heim med rett før jul. 
Gleder i kvardagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!