onsdag 11. januar 2012

DIY: Stokken


Når ein har litt over middels fascinasjon for fine ting så ender ein ofte opp med fine ting som ein ikkje heilt veit kor ein skal gjera av. Stokken under er eit slikt eksempel.
Den vart henta inn og opp i båten i slutten av sommaren for no snart to år sidan.

Si den tid har stokken fått tjena mange hensikter i heimen, både som dekor og som meir eller mindre praktiske prosjekt. No har den altså endt opp i taket.
Det ideelle ville gjerne vore ei fin grein, men det får bli seinare.
Enn så lenge har stokken fått seg eit fint bruksområde.
(og eg slepp å vera redd for at "nokon" tilfeldigvis fyrer i ovnen med den..)
Forandring fryder:
- ein stokk/pinne
- hyssing eller fiskesen (eg brukte hyssing for eg hadde ikkje god nok sen)
- to skruar med "hull" i
Med ein handymann som min går dette fort!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!