fredag 9. desember 2011

Å velge glede

På tirsdag var eg på kurs med jobben. Eit kurs som eigentleg omhandla det meste. Eg trur det er bra å senda sine ansatte på kurs.
For å bli inspirert.
For å gjera ein betre jobb.
For å bli glade.

Me var på kurs med ein danske. Han var svært glad. Han minna oss på dei nyforelska som kunne vera vakne heile natta lang uten å klage over kor lite søvn dei hadde fått dagen etter. Heller tvert imot.
Me lærte at det faktisk er me som bestemmer om me vil la lite søvn prega dagen vår positiv eller negativt.
Biletet er henta fra etsy.com
Han minna meg på at glede kan vera eit val!

God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!