onsdag 9. november 2011

Genial på fine ting

Dagens og gårsdagens prosjekt:
- læra seg ein song med tre grep på gitar.

I 8.klasse er dette eit krav for å bestå i musikk.
Vidundermannen kan ikkje anna enn å le,
han syns eg er håplaus!

Det verkar som om 
orda som kjem ut av munnen 
ikkje vil arbeida i takt 
med handa som skal opp
og ned
på gitaren.

På skulen eg jobbar på har me i dag snakka om
styrken i å vera 
forskjellige.

Alle er geniale,
men på kvar sine områder.

Eg er ikkje genial på gitarspeling,
men på fine ting.

Bjørkelyset på biletet har eg to av,
og det er genialt å ha på dagar der det er blitt mørkt før eg er heime frå jobb.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!