lørdag 18. juni 2011

In love


Eg trur eg er forelska i denne årstida. Forelska i det som blømer, det nye livet som kjem til syne med tankar om liv, vekst og det å ikkje vera redd!
Eg er fascinert over skaparverket som ikkje lar seg fekta med kven som styrer i landet, eller kva hausten vil bringa av nye planar. Desse vekstene er gitt oss for at me skal ha glede av dei, og eg gleder meg kvar ein dag!

Margaritten på biletet er ein av mange som blømer så fint i blomsterkassane. For ein slunken studentøkonomi er det ofte kjekt med tilbod på Plantasjen. Og for ein systematiker som meg er det også kjekt når ting matchar. At det er to lilla og ein kvit margeritt i blomsterkassane er både billeg, fint, reint og ryddig. 
Eg er fornøgd med det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!