onsdag 22. juni 2011

Fin ting


Eit svært dårleg bilete av ein svært fascinerande sak..!

Når det blir betre lys vil eg prøva å ta betre bilete av denne planta som eg var så heldig å få med meg heim frå besøk i Grimstad i fjor sommar. Eg og husbonden stoppa innom hans herlege slekt som tok i mot oss med opne armar og vel som det (som alltid kom me uventa og lurte på om me kunne "sova i telt i hagen deira.."). Eg lot meg sjølvsagt inspirera av tante Astrid sine kreative idear og interiørmessige finurlighetar, og Astrid gav meg både behaldar og innhald på biletet ovanfor med heim.

Køyreturen heim gjekk seint (og då også utan blinkande fotoboksar denne vegen..), men vel heime skunta eg meg å plante den nye planta mi. Ikkje kjenner eg namnet, og ikkje kjenner eg til korleis den trivst best heller. Heile hausten og vinteren har eg vore redd for at den har teke skade av den hardhause behandlingen, men no ser det ut til at den har komt seg! 
Eg kryssar fingrane for at den kan formeira seg vidare!

Kva slags plante det er? Eg skulle likt å visst sjølv! 
Den er i alle fall svært kjekk å sjå til!!

Og ja, eg har hengt meg litt opp i kjekt uteliv om ein scrollar nedover innleggene mine..!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!