tirsdag 14. juni 2011

Barselgåve?

eg synest det er så flott, 
og eg likar å visa fram mine flotte ting, 
så her er det:
Det fine skiltet eg kapra meg hos Den franske landstil på Moi i helga.
Fiiiint!!

Som biletet syner er det Samson som har fått æren av å få Mathjørna sitt dekorert, 
enn så lenge.. 
Eg såg kanskje for meg å gje dette vekk i ei barselsgåve, 
men med min mani for skilt kan det bli vanskeleg å gje det frå seg,
 no når det først er kome i hus..

2 kommentarer:

  1. Nydeleg krune, som heilt sikkert vert sett stor pris på som barselgåve....dersom den kjem så langt ;)

    Sjølv har eg vore på shopping i Sandnes sentrum i ettermiddag, og akurat no undrar eg meg over korleis fornuften kan koplast vekk så totalt når augo ser vakre ting i rekkje og rad!

    stikk gjerne innom i mitt rosa univers ;)

    hejdå!

    SvarSlett
  2. Så herleg! Eg kjenner meg skikkeleg igjen i dine skildringar! Eg har (heldigvis?) ikkje fått feriepengane på konto enno, så det er førebels lite å få for dei litle slantane som er att på konto!

    Eg vil gjerne koma på besøk i ditt rosa univers, men eg får dessverre ikkje tilgong på sida di (kanskje du må gjere den tilgjengeleg?) Det er i alle fall beskjeden eg får når eg trykkjer på namnet ditt!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!