torsdag 26. mai 2011

Nytt liv blømer til

Litt filosofering i eksamensmaset.
Omkring det fine som tek form utanfor husveggane.
Noko som spirer fram, strekkjer seg opp og vitnar om optimisme og lykke.
Om å leva livet her og no.

Tankar omkring det gamle som er forbi. 
Det som er forlatt, og ingen syns er fint lenger.
Det som står og er glemt.

Men så viser det seg at det har ein skjønnhet likevell.
Små barn veit ikkje kva dei skal frykta, og små spirer veit ikkje at ved å bløma til på sine utvalte stader får dei det gamle slitte til å bli fint igjen.


Det blir nytt liv.

Eg syns det er så mykje fint der ute!
Eg skal minna meg sjølv på å opna augene opp enno meir.
Setja pris på det nye.


Min skjønne svigerfar minna oss om eit sitat som han hadde sett på ein reklame i går som han synest var så fin:

"Alla dessa dagar som kom och gick
inte visste jag att de var livet."

Stig Johansson 

Tatt fra samlingen "Den kapsejsade himlen" som kom i 1984

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!