torsdag 14. april 2011

Norges glas. Elsk.


Tenk at desse staselege, 
fantastiske, 
og nydelege
norgesglasa
har vore i bruk, 
i så uendeleg mange heimar,
i så uendeleg mange år.

Eg er faschinert. Imponert. 

Og eg forstår det godt. Dei er nydelege!
Og dei kan brukast til alt! 

 Mine to første noregsglas. Det største kjøpt på bruktbutikk (på Bømlo). Det minste fått av farmor. Det største inneheld vakre steinar frå Hellas. Det minste nydelege kongler, handplukka i skogen.

Mi største samling. Som nyleg vart enno større. Kjekke Chorlotte er så heldig at ho har kjøpt seg hus. Med på kjøpet har ho gått ei gullgruve av ein kjellar. I kjellaren ei skattkiste med noregsglas, og eg var så heldig å få ta del i desse flotte glasa. 


 Nokre hadde eg frå før, medan nokre er "nye". 
Dei har alle blitt merka med dymo (min yndlingsdings).


Eeelsk!

3 kommentarer:

  1. Så kjekt. Kan eg arve dei av deg når du dør?

    SvarSlett
  2. tja, arberekka går jo eigentleg nedover, så du får høyre med samson om han har innvendingar..!

    SvarSlett
  3. Hmmm.. Ja, eg skal ta ein prat med han eg.

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!