fredag 28. mai 2010

Takk, Jens!

Ikkje at det egentleg er så veldig oppmuntrandes, men det hjelp litt å tenkja på at vår retoriske statsminister også har hatt sine laster tidlegare i livet (men ein med økonomiutdannelse plar vell ofte vera god i matematikk, eller..?)
Bokstavane kom rett i hendene på meg då eg var på ein uoffisiell shoppingrunde (uoffisiell= eg skulle egentleg ikkje på shopping). I og med at eg kom rett frå min andre eksamen og såg lite lys i enden av tunellen med tankje på å begynna på ein ny ein syntes eg bokstavane kunne forsvara eit kjøp. Det at eg i snart eit år har fundert på korleis eg kan få til å laga mine eigne bokstavar med det same ordet uten at det blir for dyrt, det kom sjølvsagt med på plusssida i for- og imot avstemninga. Pengane som minskar på kontoen stod plutseleg svært svakt!
Enn så lenge står dei fine bokstavane i vindauget mitt, slik at dei lyser mot meg med sitt budskap når eg klarar å gløtte over haugen med bøker som både skjuler det fine blomsterstilbildet mitt og motivasjonen min. Eksamen er (heldigvis!) snart forbi, og då gjenstår spørsmålet kvar dei skal få stå litt meir permanent!?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!