tirsdag 25. februar 2014

Nye hyller i finèr og ein lysestake DIY

God tirsdag! Eit lite livstegn frå meg for å vise at bloggen ikkje er død, ei heller eg.
 
For litt sidan skreiv eg om ein tom vegg i stova og min spikerangst. Vel, den har eg overvunne. Alt som måtte til var ein litt for travel kvardag med for mykje oppe i hovudet. Då skjer det nemleg mykje i heimen. Nokon som kjenner seg igjen?


 Hyllene har eg sett på lenge, og Bloomingville har mange variantar av dei. Planen var opprinneleg å lage dei sjølv: finerplater satt saman til kvadrater + bakside, litt pussing og vips. Diverre vart kvardagen for hektisk og løysningen var å finne i butikken.

 Lysestakane som står oppå hylla derimot, dei fekk eg til å laga sjølv:

  • tørr (rund) bjørkeved
    (Ja, eg var faktisk i garasjen og henta fjordårets ved)
  • sag
  • bor på str med eit telys
Av ein kubbe fekk eg tre lysestakar. Opprinneleg var desse tenkt som adventstake, men sjølv no, langt ut i februar likar eg dei godt. 

Sjølv om eg har ein elsk for design og kvalitet er det også ofte dei små tingene eg kan laga sjølv som gir glede. Desse tilfredstiller behovet mitt for å kunne variere i interiøret, utan å måtte kjøpe noko nytt heile tida.
--
Ynskjer deg ei produktiv veke!

3 kommentarer:

  1. Flinke du er som lager ting sjølv,er ekstra kjekkt då med ting som ikkje alle har❤️
    Fin kveld til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  2. Flinke du e! Alltid kjekkare med dei tingene du har lagt sjelå di i :-)
    Men dei hyllene e ganske så flotte dei o :-)
    Passa knallflott på veggen hos deg.
    Ha ein fine kveld!
    Klem

    SvarSlett
  3. Fine og inspirerende bilder hos deg! Blogg gjerne oftare Heidi! Liker alt på bildene eg, norgesglass, lysestaker, tulipaner og ikkje minst bordet!! Gler meg te å sjå deg og dei andre igjen til våren. Klem Kjersti

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!