onsdag 22. februar 2012

DIY: tennbrikettar

Eg har mange ting eg gler meg til. Akkurat no gler eg meg til våren, til lysare tider og til varmare luft. Om eit halvt år gler eg meg til vinteren. Til mørke kveldar med stearinlys og fyr i peisen. Eg prøver å læra meg at det er ei tid for alt, og no er det tid for sistnevnte. 
Foto: Vidunderleg
 Eg har også lært meg at dei to tingene lar seg kombinera. Altså stearinlys og vedfyring. På mange måtar. Her i huset brukar me over middels med stearin. Og kva gjer ein med stearinen som er igjen når lyset er utbrent (eller veiken har drukna)?
Foto: Vidunderleg
Mitt triks er å gjera dei om til tennbrikettar. Det har eg lært av mor mi. Ho pakkar dei inn i avispapir, og legg dei inn i ovnen.
Lurt, synest eg.
Derfor har eg eit norgesglas ved sidan av ovnen.
Oppi har eg kutta opp talgrester, klare til å pakkast inn og gje god varme.
Og aldri før har eg vore så flink til å få fyr i peisen!

Kva brukar du restar av talg til? Fyrer du med dei? Eller lagar du nye lys? Eg har ein del talg til overs som eg ikkje trur kjem til å bli brukt til vedfyring før våren kjem!

Om du vil delta i konkursansen mot meg for å finna eit superlekkert teppe frå Hay så har Hjelp, jeg er blitt mamma give away på g. Det har jo også eg. To faktisk, både her, og her.
Tvitvi!

8 kommentarer:

  1. Jeg gjør nok det samme som deg. Pleier å gni en stubbe inn med talg, det funker også :)
    Ha en herlig onsdag!

    SvarSlett
  2. Hei!
    Det var et kjempe lurt triks!
    Har alltid lurt på hva man kan gjøre med lysene når de har brent ut!
    Dette må jeg også begynne med!!
    Vi buker også over middels med stearin :-)

    Ha en strålende Onsdag!!

    SvarSlett
  3. Lurt :)

    Får prøve dette!

    Ha en fin dag.

    SvarSlett
  4. Stilig... gjenbruk ;)

    Ha en fin dag

    -Klems Diana-

    SvarSlett
  5. Ja, eg er glad for at all talget kan komma til nytte også etter at veiken har gjort sitt!

    Takk for gode tilbakemeldingar! Det varmar hjarta!

    SvarSlett
  6. Så lur mamma, Kjersti, og du er! Det har eg aldri høyt om før. Her går alle restane i bosset, men no skal dette tipset testast ut!

    SvarSlett
  7. Eg tør nok ikkje fyra i ovnen med det, for eg trur kanskje ikkje det er så lurt for ovnen eller pipa, og eg er nok over middels redd for husbrann.
    Men her går det mest i te-lys, og dei er uansett ikkje så god å putta i ovnen ;)

    SvarSlett
  8. Hei. Det brukte jeg og stearinlys-resten til før, men så fikk jeg høre at det var veldig farligt. Stearinen kan nemlig feste seg oppover i pipa og du kan få pipebrann...;/ så da slutta jeg med det, kjøper vanlige tennbriketter heller... å stearinlys-rester er forresten fine å smelte i en tom hermetikkboks og ta en veik oppi, så har du nye lys av restene. Gjenbruk det og, å trygt:)
    hilsen June

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!