søndag 19. mai 2013

Bloggteknisk: få store bilete utan å bruke opp all plass

Etter at eg byrja blogge har eg lært mykje. Eg har og blitt meir kresen og selektiv på kva eg viser fram. Ein av dei er bileta mine. Før publiserte eg gjerne mange små bilete, no kanskje nokre få store.

Eg har også lært eit par ting:
* dersom ein lastar opp bileta rett frå kamera tek desse stor plass.
Til slutt blir plassen i blogger brukt opp, og ein må betale for meir plass
* dersom ein på førehand vel kor store bileta skal vere,
så kan ein få bileta heilt ut i sidekanten på bloggen.

Eg skal vise korleis du enkelt gjer det i PhotoScape:

1) Opne biletet i PhotoScape --> Rediger
2) Velg: Ny størrelse
3) I ruta som kjem opp velger du kor mange pixlar biletet skal vere. Min blogg tåler opp til 650 pixlar. I alle NIB utfordringar ynskjer dei bilete på meir enn 600 pixlar. Det er lurt å huke av: Behold størrelseforhold om du ynskjer same proporsjonar i biletet som du har.
4) I innleggsvindauget i Blogger, sett inn biletet på vanleg måte
5) Marker biletet slik at det blir blått --> velg Opprinnelig størrelse

Brukar du denne framgongsmåten unngår du å bruke for mykje plass i Blogger, og du slepp då å kjøpe meir plass. Samstundes vil bloggen din ta mindre tid å laste ned i nettlesaren. Ein annan positiv ting er at denne måten viser bileta større enn om du huker av for Ekstra stor (eg er fan av store bilete!).

Lykke til!
---
Dersom du vil sjå fleire bloggtekniske innlegg, trykk her!






5 kommentarer:

  1. Oi, så kjekt me sånne tips til oss nybegynnere:) tar gjerne mot fleire tips me stor takk:-). Bloggen din var forresten kjempefin, legge meg til som følger:-)

    SvarSlett
  2. Så flott at du deler! Eg bruker PSE, men der kan ein jo også justere størrelsen på bildene! Klem til deg, Kjersti

    SvarSlett
  3. Så enkel og grei framgangsmåte. Takk!
    Eg har alltid berre lasta dei inn og brukt ekstra stor. Kanskje eg må byrja å gjer det på denne måten heller. :)

    SvarSlett
  4. Lurt å gjøre det slik. Da jeg begynte å legge inn bildene riktig på denne måten for et år tilbake, synes jeg sida mi ble raskere å åpne også;)
    Så enkelt og fint du forklarer det!

    Tusen takk for koselig kommentar hos meg. Ja, håper virkelig sommeren kan bli slik med god varme og mange deilige dager;)
    Perlemorslenkene har jeg kjøpt i fjor. Bloomingville. Men jeg så ei som laget slike selv.

    Ønsker deg en fin dag
    Klem Tonje

    SvarSlett
  5. Det er sant som du skriver, flink du er!

    Smil og klem
    -Maia

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!