søndag 28. juli 2013

DIY: Enkel vimpel av voksduk

Medan mannen har vore flink ute har eg vore flink inne. Det skulle vise seg at sjølv med lite tolmod og kranglevoren symaskin skulle det gå ganske greit å lage ei enkel vimpelrekke av voksdukrester.

Klarer eg det, klarer du også. Det er kun tre enkle steg:
1) Lag deg ein mal med å brette eit A4 ark på midten og klipp ein diagonal. Bruk knappenåler til å feste malen på duken. Eg la min duk dobbel og klipte til. Då blir vimpelen lik på begge sider. 

2) Fest langs kanten med knappenåler og sy. Hugs å lage ein løpegang øverst som du kan tre tau gjennom.

3) Ferdig vimpel. Heilt øvst ser du løpegangen. Bruk ein strikkepinne som du teiper fast tauet til og tre gjennom. Eg brukte hamptau frå Biltema og festa ein knute mellom kvar vimpel.

Hos oss gjer vimpelrekka seg godt langs med leveggen. Me har ikkje mindre enn tre slike veggar, og litt dekor på desse må vel vere lov? Det fine med voksduk er jo at dei kan henge ute heilt til eg blir lei!

Ideen til å lage vimplar av voksduk er nok ikkje min, men eg fekk det for meg då eg hadde handla min årlege duk på Kid og oppdaga at den var alt for lang. Eg lagde derfor malen min etter kor mykje eg kunne klippe av duken og fortsatt ha den på bordet! 
--
I morgon startar ferien igjen for oss! Eg har nemleg hatt meg to veker med sommarjobb slik at eg kan ta ferie i lærarferien min. Ekstra godt å ta ferie igjen då :)

6 kommentarer:

  1. Så flott det ble!!
    Herligt at du vill dela slike tips:))
    Ha en fin søndag:o)
    Klem Siv Mette

    SvarSlett
  2. Å ja:) dette skal jeg prøve. Eg mangler flagg ute på hagestua. Ha ein fin søndag!
    klem Ann Elin

    SvarSlett
  3. Heisann! Så god idè, då kan dei henge ute sjølv om det regnar litt...som i dag ;) Liker så godt den lèveggen din, kjempefin! Men tenker du er glad den ikkje skal males...puh!! Kos deg i ferien som er igjen ☺
    klem Kjersti

    SvarSlett
  4. Skjønnaste vimpelen:-) Trur eg får bruka restane frå duken min å lage ein til å dekorera tersssen på hytta med:-)
    Håpar du hadde ei fine helg og kos deg med ferie:-)
    Må innrømma eg godt kunne tenka meg å ta litt ferie til eg og, men ei helg på hytta hjalp på i varmen;-)
    God natt frå Gina:-)

    SvarSlett
  5. Veldig fin vimpel! Kanskje jeg må herme litt ;) Vi har ganske ensom å stygg vegg på verandaen, trenger sårt litt pynt :)

    SvarSlett
  6. Det var kjempefint :-) En utrolig god idé med voksduk ute. Pynter når det er så mye treverk.

    Koselig å titte innom her igjen.
    Ha en fin kveld du :) Klem Monica.

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!