Veka som var har vore heilt fantastisk her på Vestlandet.
Strålande sol frå morgon til kveld, akkurat slik me ynskjer å hugsar sommaren 2013!
Her i heimen er me snare med å fyre opp gassgrillen berre det er gløtt av sol bak skyene. Når sola då verkeleg steiker er me derfor ofte litt lei grillmat. Si ingen likar å stå på kjøkkenet inne når det er sol ute er derfor denne superenkle pastasalaten genial. Då foreldra mine var innom på torsdag stod den klar i kjøleskapet kvelden før!
Oppskrift på enkel pastasalt:
1 boks skinke i bitar (eg brukar rivjern-->lat)
1 pakke sukkererter deles i bitar
1 stor paprika i terningar
1 boks mais
ca 2 finhakka vårløk
1-2 fedd kvitløk etter smak (kan sløyfast)
300 gram kokt pasta (litt hard), avkjøles
1 pakke smårettsbacon steikes og avkjøles
1 tube lettmajones
1 beger rømme
Litt salt/pepper
Bland alt. Begynn med rømme og majones. Ha så i grønnsakene vekselsvis med skinke og pasta og bland godt. Ha bacon over til slutt for fin topping og ekstra god smak. Bruk salt og pepper etter behov.
Ein salat som dei aller fleste likar. Ikkje særleg fancy, men stundom er det enkle det beste! Med mamma sitt gode bakverk smakte det fantastisk!
Kva plar du servere i sommarvarmen?
---
I dag går turen til vakre Bømlo der det ventar bryllup i morgon. Det ryktast at det blir servert tapas, noko eg gler meg til! God helg til deg!
Å...det såg fantastisk godt ut!:-) Kanskje eg skal kjøpa med meg litt snadder til båt og hytteturen idag:-)
SvarSlettKos deg i bryllup, på Bømlo skin sola idag:-) eg kryssar fingrane for den gjer det same i morgon og:-)
Gina
Det ser kjempegodt ut! Og jeg elsker alt som har med pasta å gjøre))Takk for at du deler oppskrift! Her blir det grilla laks og kyllingspyd i dag, med smoothie til dessert) nam nam! Kos deg i bryllup og fortsatt fin fin sommer til deg! Klem Camilla
SvarSlettÅååå så godt det såg ut,utrulig herlig og jammen er me blitt velsigna med flott vær,hjelpe meg så herlig da er:)
SvarSlettHar ikkje blitt grilla så masse hos oss,me tar det igjen Hihi har aldri grilla så masse igrunn!
Kos dåke i bryllup,blir flott vær og,pappa tenke å gå i bunad,fatter ikkje kva han tenke på huttetu...
Nyt helga skjønne deg!
Klem fra Lillian
Pastasalaten såg kjempegod ut, og sånt er så godt på slike dagar. Kjekt med oppskrift :)
SvarSlettHa ei fin helg, og kos deg i bryllup :)
Namnam! det så fantastisk ut!
SvarSlettgodt med salater nå på sensommeren:)
håper dere har hatt ei fin bryllupshelg!
klem nina