Eg har vore i blomsterbeda og plukka ugras. Utanfor mitt nygamle hus er det nemleg eit lite sammensurium av planter som veks litt vilt og uhemma. Innimellom det eg har funne av mellom anna kusummre, liljekonval og litt lyng er der og komme opp ei heil røys med strå.
Mannen berre ristar på hovudet når eg stolt viser kor fine dei var i den kvite Uashmama posen me fekk av Brun'o interiør på bloggtreffet. Vakkert syns eg.
Endeleg har eg også fått i hus eit duftlys eg ikkje blir kvalm av. Dette var det Hedda frå Crush consept som sponsa. Lyset kan brenna sjølv med små babyar til stades. Eg er kanskje litt sær når det kjem til dufter, men vanlege duftlys luktar så sterkt at eg må slukke dei med ein gong. For ikkje å snakke om gamle damer på bussen som har drukna i parfymeflaska.
Pleddet frå som Skeidar hadde gitt til bloggtreffet er no rulla fint saman i påvente av at mannen skal bli ferdig med snekkerarbeidet på terrassen og sommarkveldane skal nytast der.
Eg ser at kusumrane i mormorkoppen må byttast ut snart. Om eg er heldig finn eg enno nokon fleire i den kjekke hagen min. Fordelen med å kjøpe eit nygammalt hus er absolutt alle overraskingane som dukkar opp etter kvart som sommaren sakte men sikkert brer om seg.
---
No er det dags for litt retting her i gården. Det gjer ingenting, for snart er det ferietid! Ynskjer deg ein vakker ettermiddag!
Synes det gjorde seg bra med strå i papirbag eg :-) ser ut som de fekk mykje fint i goodiebagen :-) nyt kvelden!
SvarSlettKjempe fint med strå oppi! :))
SvarSlettHa ein flott kveld! :))
Klem Evy
Hmmm, det var en god idè:)
SvarSlettOg herlig luktelys <3
Ha en fin kveld:)
Eg har visst enno ikkje fått hverken pakka ut eller tatt i bruk nokon av gåvene frå treffet, eg har ikkje landa heilt enno. Og har ikkje fått henta meg inn enno, ein bles mykje energi på slike treff ;-)
SvarSlettKlem Eli
Kjempefint med strå i uashmama-posen! Og for en fantastisk behagelig lukt på duftlyset!
SvarSlettHa en fin onsdag!
Klem <3
Hihi,den kommentaren fra mannen kjente eg igjen;-)
SvarSlettTakk for hilsen på gutterommet,det sett eg stor pris på:)
Nyt onsdagen!
Klem Siv Mette
Hi
SvarSlettEveryone,How are you.Excellent working Today Join your Platform got new information..My pray with you Dear Friend......Got more Success Blessings in the name of GLORY.
Join our Platform Part our Work.
Massasje Stavanger
Hudpleie produkter
Anti aldring
Botox Stavanger
Hudpleie produkter
Laserbehandling mot rynker
Anti aldring
Behandling mot rynker Stavanger
Behandling av uren hud
Permanent hårfjerning Sandnes
STAY BLESSINGS!
THANKS
JOHNS
Nydeleg bilder av dei flotte tinga fra treffet - såå mykje fint me fekk!
SvarSlettFor ein kveld !! :)
Ha in finfin lillelørdag :)
Klem Birgit
flotte bilder av det kjekke treffet vi har vært så heldige å få være en del av :-) og kjekt å få hilse på, det var ikke like lett å veksle ord med alle men veldig kjekt å se fjeset bak bloggene live :-) klem Helen
SvarSlettHei og hopp ;-))) Kjempe fin den posen vi fikk ♡ jeg har ikke tatt den i bruk enda men gleder meg...og det duftlyset ; rett og slett himmelsk!! ;)
SvarSlettNyt kvelden ;) Her i gården pakker jeg, skal på kurs til Molde i morgen.
Kleeeem Elisabeth ;)
Les meg gjennom bloggen din og blir heilt fanga. Interiørblad er mi flukt frå verkelegheita og bloggen din er jammen meg eit interiørblad. :) Apropos duftlys har eg akkurat oppdaga PartyLite. Har ei venninde som selger og ho sendte meg ein del luktprøvar, mange av dei er kjempegode og dei luktar ikkje så sterkt.
SvarSlettForøvrig er det Gunnhild som skriv. :)
Slett