fredag 28. juni 2013

Nye stolar

Det har skjedd igjen!

Det uforklarlige.

Eg har kjøpt nye stolar. 
Utan mannens samtykke. 
Om du ikkje har følgt med kan du lese her om kva som skjedde sist!

Eg har lærarferie, han har ikkje. 
Kan tru han måpte godt då eg stolt fortalde om bruktkuppet mitt. Aldri i verden om eg fekk plass til noko stol i mini cooperen min. Og når eg i tillegg sa det var to. Nei, det trudde han ikkje på!

Ikkje undervurder ein Mini Cooper, seier berre eg. Sjå berre kor vakre dei er, dei fine stolane! Dei skal få seg ein oppshining slik at dei passar betre inn. Brunt er fint, men ikkje hos oss.
Dessutan har eg lærarferie. I tilfelle regn må eg ha noko å ta meg til *smile*

Fine dei blå "liljene" i norgesglaset? Eg trur eg har lært at dei heiter Iris, kan det stemme? Det nygamle huset vårt bringer med seg ein haug med blomster eg ikkje kjenner til. Veit du til dømes kva dei raude/rosa/lilla/purpurfarga kulene heiter? Liknar på slike som veks i skjærgården!
---
I dag er det fredag og mannen har sin siste dag på jobb før ferien! Glede! Ser fram til nokre late dagar i saman! God helg!

8 kommentarer:

  1. Hihi,lol :o)
    Tøffe stoler,ser det føre meg i mini cooperen:))
    Ha en fin sommer!
    Klem Siv Mette

    SvarSlett
  2. Så flotte stoler, gleder meg til å se det ferdige resultatet! :))

    Iris stemmer det! :))

    Ha ein herlig sommerferie, velfortjent til dere lærere! :))

    Sommarklem fra Evy

    SvarSlett
  3. Å fy flate så heldig du er!! De stolene er såå tøffe!
    Takk for at du deler, endelig fant jeg ut hva "vi" mangler rundt spisebordet.. hehe ;) Synes absolutt du må ha noe å gjøre i tilfelle regn, kan jo ikke bare drive dank heller!
    God helg og nyt den :)
    Klem

    SvarSlett
  4. De var knallfine. Jeg kjøpte en lignende stol for en stund siden og malte "skinn"trekket svart, det funket fint :-)

    SvarSlett
  5. Hihi stilige stoler og kva får ein ikkje med seg om bare ein vil og må:)dei irisene har me i Hagen og ,må huska å ta med meg avlegger av litt forskjellig i Hagen her og ta med til Moster:)
    Ønsker deg ei flott helg og ferie Høyres flott ut❤
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  6. Flirer når jeg ser for meg deg, stolene og minien;) MEN jepp ALT går når en bare vil;) Skal bli spennende å se hva som skjer med stolene..
    Og Iris ja, det har jeg to eksemplarer av selv. Ei diva på 4.5 år, og i hagen:)
    Fiiine helg:)
    Klem

    SvarSlett
  7. Dei stolane minna meg om dei me hadde då eg vaks opp på 70-talet. Våre var rødmelerte og utan armlen! Digger personleg vri i interiøret! Gler meg til å sjå dei fornya seg, klem til deg og god helg ☺ Kjersti

    SvarSlett
  8. Hihi fort gjort! Fint blir det iallfall!! God ferie til deg!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!